Det akademiske kvarter , Olav Kyrres gate 49
Erotisk litteratur dukkar opp i Bibelen, Kamasutra, bestselgerlistene hos Norli og som noveller på Kondomeriets nettside, men kva er eigentleg erotisk litteratur?
Er det det same som porno, berre skriftleg? Eller har det ei anna målgruppe, og eit anna fokus? Er erotisk litteratur ei samleomgrep for husmorporno, “booktok” og dei største litterære verka i historia? Vi vil undersøkje kva det er med denne sjangeren som har fascinert og provosert i mange hundre år!
Saman med kategoriansvarleg for romance hjå Norli Strandgaten, Elise Cathrin Solvåg, som er utdanna innanfor litteraturvitenskap og kulturvitenskap, og litteraturviter, kulturviter og senterleiar for Senter for Kvinne- og kjønnsforsking hjå Universitetet i Bergen, Kari Jegerstedt, inviterer vi til ein samtale litt utanom det vanlege. Vi tar eit djupdykk ned i erotikken sin litterære verden og undersøkjer alt frå ulike kvinnesyn til praktisk gjennomføring av menneskeleg begjær! Kom til Teglverket på Det Akademiske Kvarter 12.februar kl.18 for ein pirrande samtale!
I panelet
Elise Cathrin Solvåg
Litteraturviter og kategoriansvarlig for romance hjå Norli Strandgaten
Kari Jegerstedt
Senterleder hjå Senter for kvinne- og kjønnsforsking hjå UiB
Link til Billetter: